Trikk:
Trikk 19 går frå Jernbanetorget utanfor Oslo S til Ljabru, som endestasjonen heiter. Den ligg like ovanfor Ljabru gård. Det er ein superkoseleg tur på 18 minuttar, ein liten sightseeing ein bør unna seg. Denne trikken går kvart tiande minutt, åtte over, 18 over, 28 over osv. Vel framme er det ein kort spasertur på rundt sju minuttar ned til garden.
Tog:
Har ein det litt travlare, kan ein ta lokaltog mot Ski. Det går seks over heil og halv, som regel frå spor 9 eller 10, som du finn under klokka inne på Oslo S. Du skal gå av på stoppet som heiter Hauketo, turen tek cirka ti minuttar. Derifrå er det ein to minuttars spasertur bort til garden.
Buss:
Dersom du ikkje likar å gå eller er redd for å gå deg vill, er det også muleg å ta bussen. Buss 81A mot Greverud o/Tårnåsen går frå Jernbanetorget (holdeplass Strandgata) direkte til Ljabru Hovedgård! Tek du bussen kl 13:33, er du framme kl 13:47. Då rekk du å fiksa håret, pudre nasa og høyra ein fuglesong eller to før moroa startar kl 14:00.
Du kan sjølv leika med alle mulege alternativ på den kjempefine sida til Trafikanten.Heimat:* Trikk: Siste trikk til sentrum går kl 23:52.
* Tog: Siste tog til sentrum går kl 00.16.
* Buss: Dei siste tidene for bussen er kl 23:45, 02:10 og 03:10.
Utanom dette, er det sjølvsagt muleg å satsa på drosje. Dersom ein bestiller maxitaxi treng ikkje turen bli så dyr. Eg har jo sjølv budd på Ljabru og kan hugsa at taxi heim i seine nattetimar kunne kosta rundt 250-300,-. Delt på fire eller meir, er vel det greit...