Brenn du inne med ein song, ein dans, ein tale, eit dikt, ei morosam historie, ei dramatisering, ein sketsj, eit tablå eller ein installasjon(…)? Har du noko som kjem fram i pannebrasken eller klør i hjarterota når du tenker på Duy og Hege, the Lovestory? Eller Duy og Hege; tullebukkane, Duy og Hege; dei kjekke folka (jf. ”den beste dagen i vårt liv”) osb.?
Du treng ikkje laga tekst til ”I skogen skulle være fest”, eller relatera bidraget så veldig til oss, det held at det berre er noko fint eller kjekt du vil dela. Bottom line: Me blir kjempeglade om folk lausnar på slipsknuten, slepp ut håret og gjer noko løye (stordutrykk for morosamt/merkeleg). Det blir ikkje kjekkare enn du gjer det sjølv.
Ta kontakt med toastmaster Svanhild på s-sveig@online.no eller tlf: 92 40 30 50
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar